onsdag 7. september 2011

Fuktig fri-onsdag

Etter å ha fått unna Minstemanns lekser, tok vi oss ein tur bort til naboane og hadde selskap i dei fram til Veslejenta kom heim frå skulen. Etter middag spelte vi brettspel igjen, vi har verkeleg dilla no, og ut på kvelden var det tid for fotballkamp. Storegut hadde vore på konfirmasjonsførebuing, men vi var til stades på kampen alle fire. G2000-laget (eller heiter det G11?) tapte 3 - 6 mot Bergsøy, og vi var både våte og kalde då kampen var slutt. Desto deiligare vert det å setje seg under eit pledd med ein kopp te og sjå på TV...

4 kommentarer:

  1. Eg var gjennomvåt berre av å gå heim i kveld. Ikkje farleg for oss som kan sove inne, noko alle heldigvis skal i natt.

    SvarSlett
  2. Ja, dette var mot sedvanlig-det skal vere FINT ver på onsdagar. Heldigvis hadde vi bonusdag i går-godt for dei som skulle ligge ute.

    SvarSlett
  3. Det er mange slike fuktige dagar for tida! Kva slags brettspel er det dokke har dilla på for tida, då? Vi har blitt litt hekta av ein svoger, så no er det brettspel her også ganske jamnt. Ticket to ride, Carcasonne, Princes of (var det Arabia?)

    Jaja, det er mykje moro i slike spel!

    SvarSlett
  4. Vi spelar helst "Mafia" og kort. Dei to små har dilla på kortspelet "Gammel jomfru", som etter at mora vart svr skuldig vart omdøypt til "Gammal dame"... Veldig triveleg å sitje rundt eit bord og sjå kvarandre!

    SvarSlett