fredag 2. desember 2011

1. desember: "Nightmare Before Christmas"

Første desember brakar det laust med kalendergåver, juleprogram og alt som høyrer til. I år har eg registrert at det er blitt vanleg at mødrer sender pakkekalender til sine vaksne born (i alle fall døtrer), og at gutar gir kalender til dama si.

Mine søte små har fått kvar sin skrapekalender, bortsett frå Minstemann, som fekk kalender frå Lego City. Kanskje er dette eit teikn på at eg er ei dårleg mor - uansett er eg ikkje med på all den hysteriske kosen, og eg tek ikkje mål av meg til å bli superhusmor som "må" gjere alt sjølv, fordi det elles ikkje blir ei "skikkeleg jul".

Vi opna desember med vår eiga form for kos; vi såg filmen "A Nightmare Before Christmas". Ute storma og regna det, men vi sat inne, hadde det godt og varmt og kosa oss (utan snop eller snacks, faktisk, og i alle fall utan julekaker). Minstemann krølla seg saman på fanget mitt, og vi var alle samla i same rom. Slike stunder er meir verdt for meg enn sju sortar, heimelaga syltaflesk og lefser.

4 kommentarer:

  1. Du må ha hatt ei klok mor som har gitt deg ei god oppseding. Eller så er det tvert imot?
    Eg har i alle fall ikkje kome på å kjøpe adventskalender til mine vaksne døtrer.

    SvarSlett
  2. Når kjærasten òg skal til pers, lurer eg på korleis dagens unge kvinner forventar å bli degga med...

    SvarSlett
  3. Ja, her må eg seie meg heilt einig!! Hysteri på mange plan, overdriven kos, med mange som føler seg mindreverdige som ikkje får det til. Eg sende Flax-kalendar til Audhild i Sverige, det var den ho ønskte seg, og Sunniva blei glad for sin og. Lettvint for meg... Vottane eg strikka som julekalendar er tome i år, men eg planlegg litt fyll til barnebarnet neste år, når han blir litt større.
    Dinna filmen har eg aldri høyrt om, er han kjekk? Eg har fått dilla på Platekompaniet, der er veldig mykje freistande å kjøpe av dvd.

    SvarSlett
  4. Filmen er litt spesiell, med mykje song og rar handling. Eg kjøpte den ved ein feil, men passar på å ha eit breidt utval julefilmar til bruk på jobb...

    SvarSlett