onsdag 14. desember 2011

14. desember: storhandel med småungane

Minstemann hadde tannlegetime på denne vekas fri-onsdag, og då høvde det godt å få unna litt julehandel saman med dei to yngste. Vanlegvis er eg glad for at ungane mine har vener, men akkurat det med venegåver til jul har eg lett for å gløyme/fortrenge. Vi enda opp med mellom ti og femten gåver, og i kveldinga har Veslejenta pakka inn alt saman. Ho er mykje flinkare enn meg til å pakke inn fint, og ho har full kontroll på kva som skal stå på lappane.

Storegut har kvilt på sine laurbær i kveld, i og med at han skal opptre på juleball i morgon.

Minstemann og eg har berre kvilt. Det er fantastisk å vere ferdig med julerettinga, og eg kan eigentleg seie eg er ferdig med julebaksten òg, i og med at eg ikkje har tenkt å bake ei einaste småkake i år. Vi har handla ferdig klede til jul, og berre nokre få gåver står att. Eg ser fram til nokre rolege dagar i neste veke!

3 kommentarer:

  1. Her har det vore juleverkstad i dag og så er det juleball i morgon. Kor tid ein får kvile på laurbæra, veit ikkje eg ... Frøkna di er nok lik mi. Ho bakar åleine no og let seg ikkje be to gonger om å pakke pakkar.

    SvarSlett
  2. Apropos kaker. Viss Storegut har meir att å selje, så ta med hit på fredag?
    Flinke jenter dokke har. Kan vel i grunnen seie det same om mine?

    SvarSlett
  3. Eg får ikkje tak i kakene hans, dessverre, for lageret er ikkje her. Guten sjølv er på juleball og overnatting hos systera.

    SvarSlett