søndag 4. desember 2011

4. desember: 2. søndag i advent



Dei to små og eg gjekk oss ein tur ut i vind og hagl før middag. Til middag serverte eg medisterkaker (eller "meslingkaker", som Minstemann kalla det).

I kveldinga skal Storegut på lysmesse i kyrkja, men eg sit heime med ein tentamensbunke. Det er òg ein førejulstradisjon.

4 kommentarer:

  1. Det er friskt å komme seg ut i all slags ver, men i dag var eg redd for glatta. Men om det blir sparkføre blir det betre. Håper meslingkakene var gode.

    SvarSlett
  2. Det var dei, levert av Nordfjord kjøtt. Sausen var forbausande god, faktisk - det trur eg eg må prøve oftare :)

    SvarSlett
  3. Lurt å lage ei skål med bruning å ha i kjøleskapet,det går for det samme når ein først er i gang. Eg btukar å brune i gryte, på timesvis, ved svak varme. Mamma sitt tips til brun saus, var å koke sausen lenge med løk og heil pepar, og sile den før bruk.

    SvarSlett
  4. Eg brukte vanleg teflonpanne, og hadde ikkje anna smakstilsetjing enn pepar, buljong og nokre skiver fløtemysost. Medisterkakene fekk trekkje i sausen ganske lenge fordi eg var redd smaken skulle bli for svak, men den var ganske god, om eg skal seie det sjølv. Men så var vi veldig svoltne òg, og vi hadde mykje godt tilbehør.

    SvarSlett