fredag 2. desember 2011

Bok 85 2011: "Kadaverdokteren" av Lene Kaaberbøl

Etter å ha lytta til denne boka med stor interesse og entusiasme, skjøna eg ikkje slutten. Då eg begynte å lese om boka, skjøna eg kvifor. Boka er nemleg første del i ein trilogi, og det visste eg ikkje. Noko irriterande, men til å leve med.

Boka handlar om mystiske mord, sjukdomar og forsvinningar, og handlinga er lagd til slutten av 1800-talet. Eg vart riven med, men fryktar at dette kjem til å bli for mykje fantasy-prega etter min smak. Eg likar verken Twilight eller Åndenes Makt, men kan sette pris på ei god spøkelseshistorie eller Draculaforteljing innimellom.

3 kommentarer:

  1. Men dama skriv godt; ho har to krimbøker (i samarbeid med ein anna forfattar) som er ok lesnad! Fantasy-bøkene har Martine lese og synest er bra, visstnok! Eg har lese Dødslekene-trilogien og siste Twilight, så eg har lov å lese vaksenbøker ei stund;)

    Eva

    SvarSlett
  2. Ja, eg vart veldig entusiastisk, men kvar er resten av trilogien når ein treng den?!

    SvarSlett
  3. Måtte innom bloggen min og sjekke. Fann ut at eg hadde likt best første delen av boka. Den var liksom mest realistisk. Seinare vart det mykje ulvar og hundar etter som eg hugsa.Det eg ikkje hugsar er korleis det "hang i hop".

    SvarSlett