søndag 26. august 2012

Bok 55 2012: "Dager i stillhetens historie" av Merethe Lindstrøm

Forfattaren vart tildelt Nordisk råds litteraturpris for denne romanen, som eg finn mildt sagt oppskrytt. Handlinga er at eit eldre ektepar har hatt løyndomar i livet, og at mange av desse vert avdekte. Det heile skjer utan særleg spenning eller dramatikk, i alle fall slik eg ser det. Det er forfattaren sjølv som les lydbokutgåva, og det burde ho anten ha spart oss for eller skrudd opp tempoet. Mor mi skriv på sin blogg at ho heldt på å tørne av den sakte lesinga, og det gjorde eg òg. Kan hende ville eg ha likt papirutgåva betre, men eg trur uansett at denne boka ville ha verka stilleståande på meg.

6 kommentarer:

  1. Eg er einig med at ho burde overlete lesinga til ein skodespelar. Akkurat no les eg to bøker av same forfattar med ulike opplesarar. Det har mykjeå seie kven som les!
    Likevel synest eg denne boka hadde ein slags X-faktor, kanskje fordi hovedpersonane ikkje nødvendigvis følte oig gjorde det som var forventa av dei?

    SvarSlett
  2. Enig og tro til Dovre faller!

    SvarSlett
  3. Det at du og moren din holdt på å tørne av tempoet i innlesningen, sier vel mer om familiær mangel på tålmodighet enn om verkets litterære kvaliteter?

    SvarSlett