lørdag 25. august 2012

I Lisjedalen med Minstemann

Då Eldstejenta og Storegut begynte å montere klesskap, vart livet i heimen temmeleg uuthaldeleg for Gamla og Minstemann. Vi gjekk oss derfor ein hyggeleg tur i Lisjedalen medan det meste av dramaet gjekk føre seg.

På veg til dalen fortalde Minstemann meg om ulike våpen og arbeidsoppgåver i det militære miljøet. Han spurde meg etter ei stund om kva eg synest han bør få slags jobb dersom han vervar seg i militæret, og som den fredsæle mora eg er svara eg at han kunne få seg jobb i saniteten, eller bli feltprest. Svaret kom med eit sukk:

"Å Mamma, du seier så mykje dumt"




2 kommentarer:

  1. Der er så fint i Lisjedalen-og det går an å køyre opp.
    Ver glad at Minstemann "gjer seg ferdig med" våpengalskapen i ung alder, mens han enno er ufarlig! vi får håpe han veks det av seg, og blir den fredsæle personen vi i familien ønsker.

    SvarSlett
  2. Vi gjekk over Brauta, gjennom skogen og opp skogsvegen + same vegen i retur (11 000 skritt). Og Minstemann er eigentleg svært fredeleg, men har ein tendens til å vere oppteken av ein ting om gongen.

    SvarSlett