lørdag 25. august 2012

Learning by screwing


Sjølv vart eg 43 år før eg brukte drill, og det var svært lite røynsle eg hadde når det gjaldt montering av flatpakka møblar før eg skulle møblere nyehuset. Det var derfor ein liten pedagogisk baktanke inne i biletet då eg sa til dei to tenåringane mine at dei kunne montere klesskapet eg hadde kjøpt til Eldstejenta. Sjølv tok eg med meg Minstemann på tur, og så fekk dei greie biffen aleine. Etter litt over tre timar var delane sett saman til noko som liknar mistenkjeleg på eit skap, bortsett frå at skapdørene treng ei justering for å gå heilt att. Det skal dei fikse i morgon - i kveld er dei i Volda og på Bjørkedalen og sosialiserer seg etter å ha sete mykje av dagen i gangen med drill og hammar.

Skapet er kjøpt på Jysk, er 96 cm breidt og kosta kr 500

2 kommentarer:

  1. Flinke ungdommar. Skal innrømme at eg ikkje er nokon reser med drill, men eg HAR prøvd meg som "drill-jente". Eg vaks opp i ei tid då slikt var mannfolkarbeid.

    SvarSlett
  2. Eldstejenta sat midt inne i "skroget" og skrudde då vi kom att frå tur, men var ikkje mottakeleg for mine humoristiske kommentarar om å #kome ut av skapet". Eg er ein motorisk katastrofe, så det hadde vore fint om ungane hadde lært seg eitt og anna på eiga hand. Eg er ikkje kapabel til å hjelpe anna enn med teori.

    SvarSlett