onsdag 21. november 2012

Bok 78 2012: "Hypnotisøren" av Lars Kepler

Bak psudonymet "Lars Kepler" står ekteparet Alexander og Alexandra Coelho Ahndril. Dei har hatt stor suksess med kriminalbøkene sine, og det kan eg godt forstå etter å ha lese denne dramatiske og spennande boka. Likevel må eg få lov å seie at slutten blir altfor langdryg, og at delar av handlinga er føreseieleg.

Eg vil ikkje seie for mykje om kva boka handlar om, men eg kan nemne at hypnotisøren opplever at sonen vert bortført, og at ti år gamle hendingar står sentralt.  Eg kjem nok til å lese fleire bøker av forfattarane, og eg ser fram til  å sjå filmatiseringa.


5 kommentarer:

  1. Hei Margrete
    Litt kort anmeldelse? Du sier du liker boken. Det var godt å høre. Jeg personlig ble veldig skuffet. Syntes den var hårreisende svak når det kommer til logiske brist, men men ... ;) Fint at den traff deg (og utrolig mange andre krimelskere) der ute. Her er min anmeldelse av samme bok:

    http://bokbloggeir.wordpress.com/2012/10/15/ikke-helt-hypnotisert/

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei!
      Takk for respons! Eg skriv sjeldan noko særleg langt om krimbøker, fordi det lett fører til at ein røper for mykje. Eg er mykje einig i meldinga du skriv på bloggen din, for boka har verkeleg mange svakheiter. Likevel vart eg noko fascinert av hypnoseelementet i romanen. Sidan eg høyrde boka som lydbok, vart heile siste plata noko eg "ville bli ferdig med", som du så treffande formulerer det, og det gjeld ofte når eg les krim. Dei verkeleg gode kriminalromanane avslører høgdepunktet heilt mot slutten - her verkar det som om etterforskarane òg berre "vil bli ferdige". Eg trur filmen kan vere bra, men har ikkje fått sett den enno. Langdryge romanar kan fungere godt i adaptasjon fordi filmen er ein meir fortetta sjanger.
      Margrete

      Slett
  2. Eg har lese alle tre bøkene som ekteparet har skrive. Men dessverre har eg ein lei tendens til å gløyme det eg les etter kort tid. Særlig krimbøker.Har ikkje skrive så veldig mykje om dei på bloggen min heller, men meiner eg likte dei ganske godt.

    SvarSlett
  3. Eg tykte Hypnotisøren som lydbok var heilt topp! Nils Nordberg si djupe røyst virka heilt.. ehh.. hypnotiserande på meg.
    Interessant at ein kan ha såpass ulike opplevingar av den same boka.

    SvarSlett
  4. Jeg likte også både Hypnotisøren og Paganinikontrakten veldig godt men den tredje boken, Ildvitnet synes jeg var skuffende svak.
    Skulle gjerne likt å vite hva Bokblogggeir mener med at Hypnotisøren var svak når det kommer til logiske brist, men det får jeg sikkert svar på om jeg lese innlegget hans:)

    SvarSlett