lørdag 3. november 2012

Roadtrip til Stryn



I dag skulle vi ha ein roleg dag etter gårsdagens rangel, og vi valde å køyre Kvivsvegen til Hornindal (eller Honningdalen, som nokre av oss sa) og vidare til Stryn. Det vart berre butikkbesøk og eit måltid mat i Stryn, og eg presterte å bruke 60 kroner i handelslekkasje på Grodås (ei tube fugemasse). Bileta er frå stoppet på Grodås.

Ikkje akkurat ei amerikareise, men ein koseleg dag der vi var samla heile familien.

3 kommentarer:

  1. De skulle no tatt ein lite tur i Søre-Markane også når de var på dei kantar.

    SvarSlett
  2. Ein fin dag i dag, som gjekk altfor fort! Ein pussar opp medan den andre vaskar og lagar mat ...
    Vi har enno Kvivsvegen til gode ...

    SvarSlett
  3. Dagane vert korte no, og vi hadde rangla. Eigentleg kunne eg ha tenkt meg ein tur i Lodalen, men då hadde vi måtta ta laust tidlegare.

    SvarSlett