fredag 30. november 2012

Siste dag med studenten

Det var lenge sidan sist eg hadde hatt student, for eg likar best at dagane går som normalt. I år har eg berre fag eg har hatt fleire gonger tidlegare, så eg kjende at eg kunne ta på meg noko anna i tillegg for å få litt variasjon. Eg sa derfor ja til to ting i haust: å ha student og å skulere meg i "Ny giv".

Fem veker saman med studenten har gått relativt raskt, og det har vore ei svært positiv oppleving. Han har vore fagleg flink, og vi har hatt god kjemi og reflektert saman om undervisninga og elevane. Då han i dag sa han hadde lært mykje og sett pris på rettleiinga mi, måtte eg innrømme at eg har lært mykje eg òg. Lærargjerninga er litt einsam på den måten at ein sjeldan har andre lærarar til stades i timane sine, så eg sette pris på å kunne føre samtalar om elevåtferd og pedagogiske tilnærmingsmåtar.

På toppen av alt fekk eg som avskilsgåve ei bok eg har ønskt meg. Den skal eg kose meg ekstra med no i adventstida, og så skal eg sende gode tankar til han som er attende i sin daglege dont ei erfaring rikare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar