lørdag 26. januar 2013

Glattisen på Grimstadvatnet




Både "Besta" og Solveig har blogga om dagens besøk på Hareid, og sjølv har eg berre tenkt å seie tusen takk for ein hyggeleg dag saman med kjekke folk med nydeleg mat og god prat! Ungane og eg stoppa ved Grimstadvatnet så dei fekk gå litt på skøyter i nydeleg sol, men kald vind. Etter kvart kom morfaren, onkelen og kusina òg. Eit artig innslag var dei som surfa rundt på isen med ein slags kjelkar med surfesegl på (nei, eg veit ikkje kva denslags heiter).

1 kommentar:

  1. Det veit ikkje eg heller, men eg skal få greie på det måndag.
    Takk for besøket!

    SvarSlett