mandag 28. januar 2013

"Slumdog Millionaire" bok og film

Eg er inne i ein periode med romanlesing i faget internasjonal engelsk, og eg har derfor lese romanen "Slumdog Millionaire" for fjerde gong. Eg får meg ikkje til å ta den med i bokteljinga mi, for i år skumles eg den nesten. Til i morgon skal elevane ha lese ut boka, og undervegs har dei svara på spørsmål som dei skal levere inn skriftleg neste tysdag. Komande fredag begynner vi å sjå filmen.

Det er eit godt opplegg og ei fengande bok, og no er det tredje gong eg går gjennom boka saman med elevar. Kanskje bør eg fornye meg snart, for min eigen del.

3 kommentarer:

  1. Eg har lese boka to gonger og sett filmen ein gong. Det tolest godt, men forandring fryder -for læraren også.

    SvarSlett
  2. Det er sant. Sjølv har eg sett Catch me if you can tre-fire gonger. Men ein ser nye sider kvar gong!

    SvarSlett
  3. Gode filmar kan ein sjå om att mange gonger utan problem. Det same gjeld lesing av tekstar. Problemet kan vere å innsjå at elevane opplever teksten for første gong.

    SvarSlett