søndag 24. februar 2013

Anna Karenina - spektakulær og storslått

Vinterferien vart avslutta med eit kinobesøk. Det kjem mange flotte filmar i vår, og "Anna Karenina" var absolutt verd å få med seg. Den er fantasifullt regissert med kulissar og sceneskift som bryt illusjonar om realisme, og handlinga er så dramatisk og engasjerande at ein blir riven med frå byrjing til slutt. Karakterane er dessutan så spennande og samansette at ein ikkje veit heilt kven ein har sympati og antipati for.

Anna Karenina er gift med ein god og snill mann som framfor alt manglar pasjon. Ho blir dermed eit lett bytte då ho møter ein mann som kan tilby henne den lidenskapen ho manglar i livet. Å leve ut kjærleiken inneber å miste kontakten med sonen, men òg tap av sosial status i den russiske sosieteten.

2 kommentarer:

  1. Eg har sett eit par filmatiseringa av historia, sist med eine "legen" i Grey's anatomy. Me eg reknar med den nye filmen er meir påkosta.

    SvarSlett
  2. Den er fantastisk! Men still med ope sinn - der er mykje som ikkje er "realistisk" i kulissane og sceneskifta, mellom anna.

    SvarSlett