torsdag 14. februar 2013

Bok 10 2013: "Den usynlige muren" av Harry Bernstein

Eg har tidlegare lese boka "Drømmen" av same forfattar, og då gav eg den temmeleg lunken kritikk. Eg kalla den ein bleik kopi av bøkene til Frank McCourt, som den minte ein del om. Dette gjeld for denne første boka av forfattaren òg, men denne er langt meir interessant. Eg har dessutan funne ut at forfattaren debuterte som forfattar i 2007, noko som er imponerande sidan han vart fødd i 1910.

I denne debutboka skriv forfattaren om barndomen sin under første verdskrig. Han veks opp i ein jødisk familie i Lancashire, i ei gate der dei kristne og jødane bur på kvar si side av gata med ein "usynleg mur" mellom. Familien hans er klisjémessig tragisk, med ein drikkande, fråverande far og ei alvorleg, arbeidssam mor. Det er mykje interessant i boka, og ein del hjarteskjerande historier. Eg sette mest pris på å lese om jødiske skikkar og tankegods, og eg syntest det var interessant å sjå at fordomane var like store på begge sider av "muren".

7 kommentarer:

  1. Eg har også lese denne boka, men det er mange år sidan. Eg har ein tendens til å blande den i hop med "Engelen på det syvende trinn". Det eg hugsa godt var at dei kristne tende opp i omnane til jødane på sabbaten.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var ein artig tradisjon! Og så systera, som skulle ha eksamen på sabbaten, og som fekk fritak frå regelen.

      Slett
  2. Eg las boka i oktober 2007, det var før eg begynye å skrive "bokmeldingar" på bloggen.Men eg fann den under Bøker (utan årstal).

    SvarSlett
  3. Etter å ha slukt "alt" om jødar i ungdomen, har eg sidan skygga unna, det er for sterkt. Har ikkje sett storfilmane heller.

    SvarSlett
  4. Ipaden har fått ein tendens til å henge seg opp når eg skriv kommentarar, lurer på om han er begynt å bli sliten? Til Valentine kan eg berre seie at eg er gammaldags og skeptisk, slik som eg også er til Halloween, men ein får vel følgje med i tida og ikkje irritere seg over slikt, det er no bagatellar. Ein blome, ein klem og gode ord i kvardagen tel no meir, meiner no eg. Vi må skjerpe oss der! No håpar eg at eg ikkje blir misforstått, sidan dette minner om eit Marte Krogh-sitat...

    SvarSlett
  5. Eg likar å lese litt variert. Var på biblioteket og lånte Carl Frode Tiller og Olav Duun i går, det seier vel litt. Og så er eg einig i at dagar som morsdag, farsdag, Valentinsdag og Halloween fort blir nye innkjøpsdagar. Jul og påske kan òg bli redusert til "pynt og god mat". Ein bør vere flinke til å vise kjærleik i kvardagen gjennom gode ord og gjerningar, men desse merkedagane kan vere med på å setje ekstra fokus. Dei skaper dessverre òg skyhøge forventningar for somme, og då er det lett å bli skuffa.

    SvarSlett