mandag 25. februar 2013

Bok 12 2013: "Innsirkling 2" av Carl Frode Tiller

I del to i serien (som kanskje snart blir tre eller fire bøker) møter vi tre nye stemmer som kontaktar David. Han har, som vi fekk høyre i første boka, sett inn ein annonse i avisa der han fortel at han har mist hukommelsen, og der han ber om at folk som kjenner han skal ta kontakt og fortelje han om livet hans. Dei menneska vi møter i denne boka, har kjent David då han var barn. Vi får i tillegg lære dei å kjenne i det livet dei lever no.

Eg likte denne boka godt, ikkje minst fordi det no kjem to viktige avsløringar om David som eg ikkje skal røpe her. Det eg derimot er skuffa over, er at serien ikkje er fullført enno, så eg må vente på neste bok. Tiller skriv godt, og lydbøkene er lesne av ulike personar, noko som gjer det lett å skilje dei ulike forteljestemmene frå kvarandre.

3 kommentarer:

  1. Eg las første boka so lenge før nr.to at eg hadde gløymt det meste. Mitt beste råd: les ikkje trilogiar før du har alle tre. Note to self!

    SvarSlett
  2. Eg har sett fram til å lese denne, for eg likte den første svært godt!

    SvarSlett
  3. Eg kan vente med å levere den inn, Solveig!

    SvarSlett