fredag 1. februar 2013

Bok 4 2013: "Den tomme stolen" av J K Rowling

Eg har aldri lese ei heil bok om Harry Potter, og filmane har heller ikkje vore etter min smak. "Den tomme stolen" er Rowlings første vaksenbok, og den er kjemisk fri for magi og flygande kosteskaft. Nokre hekser kan den innehalde, men av den høgst menneskelege sorten.

Handlinga går føre seg i ein engelsk landsby. Ein mann døyr og etterlet "ein tom stol" i soknerådet. Eit nytt medlem skal veljast, og dette fører til konfliktar og drama i det vesle lokalsamfunnet. Boka er ein slags kollektivroman som fortel om ulike lagnader i lokalsamfunnet.

Eg likte boka veldig godt. Dette må reknast som underhaldningslitteratur, med mykje drama og humor. Rowling skildrar menneske som ein kan relatere til og/eller ha sympati for og antipati mot, og boka er lettlesen og spennande.


1 kommentar:

  1. Eg har sett boka på Prix, så eg reknar med det vert ei som mange les - kanskje eg og etter den kritikken!

    SvarSlett