lørdag 2. februar 2013

Bok 5 2013: "Kjerringer" av Helene Uri

Seks personar har meldt seg på eit latinkurs. Etter kort tid oppstår det ein særeigen kjemi mellom tre av kursdeltakarane og forelesaren, og dei dannar ein "kjerringliga" som skal hemne seg på menn som på ulike måtar har forulempa dei.

Uri skriv godt, og boka er til tider underhaldande og morosam. Likevel seier det sitt når eg syntest det mest interessante var latinleksjonane. For dei av oss som har vakse opp med romanane til Fay Weldon, blir boka ein bleik og noko avleggs kopi av til dømes "En hunndjevels bekjennelser", som etter mitt syn er den ultimate feministiske hemnromanen.

4 kommentarer:

  1. Las du mi melding , som eg skreiv i går, før du sktreiv di?

    SvarSlett
  2. Nei, eg las den rett etterpå, og eg fekk meg ein god latter. "Great minds think alike" :)

    SvarSlett
  3. Denne forfattaren er ikkje i mi gate. Eg har fått i hende siste Lahlumboka, gledar meg til den.

    SvarSlett
  4. Eg synest det er greitt å prøve seg på dei fleste forfattarar, så kan ein "svarteliste" dei ein ikkje likar.(Har nokre på lista mi).

    SvarSlett