fredag 5. april 2013

Bok 22 2013: "Mørketid" av Chelsea Cain

Heilt frå byrjinga av var det noko underleg kjent med innhaldet i denne romanen, og på CD 6 av 8 kom eg på korleis den slutta. Eg har med andre ord lese den før, men fann den ikkje på bloggen. Det at eg ikkje hugsa innhaldet før på sjette CD seier sitt om at det ikkje er den boka som har festa seg best på hjernebarken, men det er ikkje dermed sagt at det er dårleg krim. Dei to hovudpersonane Archie og Susan er veldig tydelege som karakterar, sjølv om dei første bøkene der seriemordaren Gretchen er med, er langt meir spennande. Det som gjorde at eg i det heile hugsa romanen, var det originale mordvåpenet: ein giftig blekksprut. Handlinga elles er ikkje så interessant.

4 kommentarer:

  1. Ja, den blekkspruten hugsar eg ! Forfattaren har kome med ny bok, og eg er først på ventelista på biblio her.

    SvarSlett
    Svar
    1. Liker, som ein seier på facebook.

      Slett
  2. Eg har "Døden to ganger" her, skal til på den no.

    SvarSlett
  3. Eg lånte den før påske, men såg på bloggen at eg hadde lese den før ...

    SvarSlett