mandag 8. april 2013

Bok 23 2013: "Døden to ganger" av Chelsea Cain

Etter det doble vonbrotet då eg las "Mørketid" (ikkje var den spesielt god, og eg hadde lese den før), var det ei positiv oppleving å lese denne neste boka i serien. No er den vakre seriemordaren Gretchen Lowell attende i kjend stil, og handlinga er både spennande og uføreseieleg. Eg skal ikkje røpe meir om handlinga, då det kan øydelegge spenninga for eventuelle lesarar, men eg vil gjerne gi det rådet å lese serien samla, sidan bøkene byggjer mykje på kvarandre. Dette er ofte eit problem med kriminalseriar, for ein les gjerne dei nye bøkene av fleire favorittforfattarar etter kvart som dei kjem ut.

3 kommentarer:

  1. Denne står høgt på ønskeåleselista!

    SvarSlett
  2. Eg har det med å blande i hop CC og Mo Hayder. Mo Hayder er mest favoritt.Det er hennar kvinnelige helt som dykkar.

    SvarSlett
  3. Eg har lese ein del Mo Hayder, men ikkje mange nok i samanheng. Kosar meg med Barbarotti no!

    SvarSlett