lørdag 27. april 2013

Fin fredag på Folkestadsetra

På jobb fredag var det ei kollegadame som sa til meg at eg såg sliten ut, fordi eg elles plar ha høgare tempo og rettare rygg. Kanskje var det noko i det - i alle fall var det godt at det var helg. Innleiinga av helga skjedde på normalt vis, med cafébesøk saman med kollegavenninner. Deretter for eg heim og la meg til å sove i sola på verandaen (fullt påkledd og med store solbriller, så noko soling er det knappast snakk om).

I kveldinga vart det litt meir futt i Gamla, og det vart ein tur på Folkesetra i nydeleg kveldssol. Eit lite mysterium var den store, raude hytta på det eine biletet her, men etter ein runde på facebook har eg fått vite at det er lærarskulen i Volda som har eigd hytta. Nokon burde pusse den opp litt! Vi gjekk frå bommen nedst i setrevegen og rundt vatnet, så det vart ein bra lang tur.

Etter slike eskapadar er det kjekt å ha eit gatekjøken på Folkestad som lagar himla god pizza, så ein kan sige ned i sofaen og verkeleg slappe av etter endt arbeidsveke.




1 kommentar:

  1. Då eg gikk på lærarskulen, reiste heile klassen til hytta på Folkestad. Vi gjekk frå ferjekaia og opp. Vi fyrte på peisen i stova og overnatta på golvet i soveposar. Det var snø ute, hugsar eg. Dagen etter kom ped-læraren vår, Per Myklebust, og vi skulle måle nokre vegger etc. Eg tok jobben med å koke posesuppe til heile gjengen.Å sjå bildet er heilt utrulig, for eg hugsar ikkje korleis det såg ut der oppe, trur det var mørkt då vi kom om kvelden.

    SvarSlett