onsdag 8. mai 2013

Fuglefjell på Runde

Tysdag kveld var eg så heldig å få vere med dottera mi på skuletur. Vi var i alt 14 elevar, 8 foreldre og den beste læraren ein kunne tenkje seg som reiseleiar. Ho har nemleg ei fortid som leirskulelærar på Runde, og kjenner øya og fuglelivet svært godt frå før. Ho har dessutan god røynsle med å ta med born i fjellet, og fungerte glimrande også som sikkerheitssjef. Dette kom vel med, særleg når nokre av foreldra fekk anfall av høgdeskrekk. Denne gongen var det ikkje berre eg, for å seie det slk.

Vi var utruleg heldige med eret. Det hadde regna svært mykje måndag og natt til tysdag, men det letta og vart vindstille og med mykje sol og varme. Turen i seg sjølv var så vellukka som ein kunne håpe på, og vi fekk sjå mange fugleartar som skarv, havørn og sjølvsagt mange lundefuglar på nært hald. Lundefuglane kjem inn til berget der i 20-tida, og då var det mange turistar som hadde rigga seg til med flotte kameralinser. Folkestadbygdingane oppførte seg eksemplarisk, kosa seg og såg på fuglar. Ein del fotografering vart det òg. Veslejenta fekk låne kameraet for å ta bilete av lundefuglane, for eg har litt problem med å sjå nedetter fjellsider...

Alt i alt ein drøymedag for store og små!





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar