tirsdag 14. mai 2013

Vedhogst og verandamiddag

Då eg kom heim frå jobb i dag, heldt foreldra mine (76 og 73 år) på å kløyve ved oppom huset mitt. Sonen min (16 år) heldt på å lære å kløyve store bjørkekubbar med øks. Det var ikkje lite dei hadde fått stabla opp inne i vedboda, og det skal bli kjekt å kunne fyre med til hausten ein gong.

Eg heiv i gang noko enkel mat som vi åt ute på verandaen, trass i iskald vind.

2 kommentarer:

  1. Vedkløyvarane var fulle av sagmask frå topp til tå, og ville ikkje gå i hus. Derfor vart den arrangert middag på altanen til tross for ein heller kald vind. Dette til orientering for dei som les bloggen til M.

    SvarSlett
  2. Dei er flinke, og så er det bra dei øver opp yngste generasjon!

    SvarSlett