onsdag 1. mai 2013

Bok 29 2013: "I en annen verden" av Grace McCleen

Den walisiske forfattaren vaks opp med ein familie som var medlemer av Jehovas vitne, men vart seinare utstøytt frå sekta fordi ho hadde for mange vener utanfor.

I boka "I en annen verden" møter vi ti år gamle Judith, som lever saman med faren, og som tilhøyrer Jehovas vitne. Judith blir plaga på skulen, og faren vert plaga av andre vaksne, mellom anna fordi han er streikebrytar. På rommet sitt byggjer Judith "Prydelsens land", som er ein modell av den perfekte verda. Ein dag ho gruar seg til neste skuledag, tenkjer ho at ho skal lage snø i "Prydelsens land", og at viss det snør i den verkelege verda, vil skulen bli stengd. Neste dag har det verkeleg snødd, og Judith innser at ho har utført eit mirakel. Det blir det første i ei rekkje mirakel, og vi opplever dessutan korleis Judith tek oppgjer med Gud gjennom samtalar.

Dette er ei poetisk og vakker bok om fleire viktige tema, til dømes oppvekst, det å vere annleis, mobbing og religiøsitet. Eg har allereie tipsa skulebiblioteket om at boka kan brukast til fordjupingsemne i norsk, for eg trur at mange ungdomar vil kunne finne boka interessant innanfor dei nemnde temaa. Den er dessutan lett å lese, samtidig som ein kan finne mykje spennande dersom ein les meir nøye.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar