onsdag 15. mai 2013

Heim til Mor

Etter ti veker på rundreise i verda er endeleg Eldstejenta heime att!

Søskena hadde teikna helsingar, medan mora flagga, og så reiste vi til Volda for at Veslejenta skulle få klippe seg. Vi parkerte ved flyplassen akkurat då flyet landa, ti minutt før tida, og så vart det gjensynsglede på høgt plan. Mormora, morfaren, Barnefaren og foreldra til Venninna møtte òg opp for å helse på jentene, og det var nesten uverkeleg at det har gått ti veker sidan dei reiste. Vi stakk oppom farmora og farfaren for å helse på dei før vi tok ferja.

I heimen har vi hatt gåveopning, og no ser vi Eurovision (semifinalen frå i går) medan vi ventar på at Storegut skal kome heim så vi kan kose oss med rømmegraut og Pavlova.









1 kommentar: