onsdag 17. juli 2013

Bok 45 2013: "Engelens spill" av Carlos Ruiz Zafón

Då eg første gong blogga om denne boka om sommaren 2009, uttrykte eg eit ønske om å lese den ein gong til, gjerne i samband med at eg las "Vindens skygge". Eg skreiv dessutan at eg fekk lyst til å reise til Barcelona. No er Barcelonaturen bestilt og eg har nyleg lese "Vindens skygge", så tilhøva låg godt til rette for ei ny lesing av denne romanen.

Innhaldet i romanen er vanskeleg å skildre. Stemninga står mest sentralt, der eit Barcelona anno 1920 framstår som dunkelt og litt skummelt; mystiske menneske jaktar på kvarandre, og ein finn inspirasjon frå andre bøker, som til dømes Faustus og Jane Eyre. Ei bok av Charles Dickens vert nemnd fleire gonger, og byen i boka kan minne mykje om Dickens' London.

Boka kan anbefalast på det sterkaste, men det er ei bok som krev ein del av lesaren.

1 kommentar:

  1. Eg fekk relativt lite ut av denne boka då eg las den. Kanskje eg må lese den om att, slik eg gjorde med "Vindens skygge".

    SvarSlett