onsdag 31. juli 2013

Bok 50 2013: "Hjelp, hvor er landet mitt?" av Michael Moore

Michael Moore er ein av dei mest profilerte kritikarane av det amerikanske samfunnet. Eg plar vise dokumentarfilmen "Bowling for Columbine" til elevar i engelskundervisninga, og eg synest han har mange gode poeng der.

Boka "Hjelp, hvor er landet mitt?" kom ut før valet i 2004, noko den ber tydeleg preg av. Føremålet er heilt klart å påverke lesarane til å kjempe mot at George W Bush skal bli attvald som president, og den er såleis ute på dato på mange måtar. Mot slutten kjem forfattaren med direkte oppmoding om å kjempe mot attval, og etter mitt syn svekkjer dette resten av boka. Første del handlar om frykt for terrorisme, tvilsame motiv for krigføring og faktafeil som ledd i ein aksjon mot Saddam Hussein og Osama Bin Laden. Den delen av boka er både interessant og tankevekkjande, samtidig som den er skriven på ein svært underhaldande måte.

Lydboka vert glimrande lesen av Duc Mai-The, det er svært imponerande å høyre korleis han les med innleving og sikkert ein del improvisasjon.

2 kommentarer:

  1. Denne boka har eg sett på biblio mange gonger, men til denne tid har eg styrt unna.

    SvarSlett
  2. Den er rimeleg ute på dato, og noko aggressiv i stilen, men eg fann den interessant reint fagleg.

    SvarSlett