søndag 13. april 2014

Bok 31 2014: "Et helt halvt år" av Jojo Moyes

Dette er den mest gripande boka eg har lese på lenge, og eg greidde nesten ikkje å legge den frå meg før eg hadde lese den ferdig. Nesten 500 sider på to dagar seier vel sitt om akkurat det. Boka fortel historia om ein mann som vert sittande i rullestol, etter å ha blitt utsett for ei trafikkulukke, og om kvinna som får som jobb å ta seg av han. Tittelen røper at jobben skal vare eit halvt år, for mannen planlegg å ta livet av seg etter at den avtala perioden er over. Meir skal eg ikkje røpe om innhaldet, anna enn at ein får innsyn i korleis det kan opplevast å bli funksjonshemma, og ikkje minst korleis dei pårørande opplever ein slik situasjon. Boka er trist, morosam og svært tankevekkjande, og det er ikkje utan grunn den er blitt ein bestseljar.

4 kommentarer:

  1. Ser at du er meir positiv til boka enn eg. Eg er for så vidt enig i det du skriv, og eg las den også på to dagar. Men eg syntest det vart FOR lett, og slutten var svært føreseieleg. Men kanskje er det ikkje eit minus at boka er lettlesen?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er einig i at der var nokre lettvinte løysingar, og så syntest eg skiftet av synsvinkelbruk var unødvendig. At boka var lett å lese, ser eg som eit kvalitetsteikn, spesielt når temaa som vert tekne opp er så alvorlege.

      Slett
  2. Jeg har så utrolig lyst til å lese denne boken, og den virker gripende og noe som er verdt å lese. Takker for den fine og flotte omtalen :D
    - Siri

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, uansett litterær kvalitet, så er dette ei viktig bok ein kan lære mykje av. Lukke til!

      Slett