tirsdag 1. april 2014

Lommerosk klar for landsmønstring

Det kunne ha vore den verste aprilspøken gjennom tidene, så eg vart glad med atterhald då Storegut fortalde at han hadde blitt oppringd frå UKM. Etter kvart som timane gjekk innsåg eg at han aldeles ikkje hadde lurt meg, men at Lommerosk har gått vidare til sjølvaste landsmønstringa i UKM. Den blir arrangert i Trondheim i slutten av juni, samtidig med at Veslejenta skal på korpstur til den same byen. Sidan Minstemann og eg hadde fått oss nokre dagar aleine heime, bestilte eg like godt hotell til oss slik at familien vert samla i Bartebyen. Det vil seie: samla blir vi neppe, men Minstemann og eg kan i alle fall få med oss både rockekonsert, korpsmusikk og kvalitetstid på eiga hand.

1 kommentar:

  1. Dette er berre fantastsk, sjølv om det skulle stoppe der. Fekk nesten lyst til bartebyen, eg også.(Men eg blir vel heime.)

    SvarSlett