lørdag 5. april 2014

Rusletur til rasområde

Då dei to mellomste ungane omsider stod opp, hadde mora allereie lese 100 sider om Rolf Jacobsen og retta ein del av den bunken ho held på med. Sola hadde skine fint ute, men det tok ein brå slutt. Likevel var det herleg å kome seg ut på tur, og turmålet var rasområdet mellom Mjeltvika og Kile. Det er eit imponerande syn på nært hald, og vi kosar oss veldig og pratar om alt mogleg når vi går tur. Vel heime tok eg meg ein liten tur i hagen og rydda litt. Ikkje så mykje at det på nokon måte monnar, men likevel: sesongen er i gang!





2 kommentarer:

  1. Det raset er jammen skæmande stort. Elles kan eg forsikre deg om at busken med gule blomster svært sannsynleg er ein forsythia. Eg har sjekka litt på data-

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt å vite! Raset er ganske imponerande stort. Naturkrefter skal ein ikkje spøke med!

      Slett