fredag 16. september 2011

Evig ung og evig pen? Eller berre blakk?

Torsdag kveld var eg invitert til Mary Kay sminkeparty. Eg er truleg noko under middels oppteken av hudpleie og sminke, så eg har eit enormt utviklingspotensiale på denne fronten. Sannsynlegvis burde eg aldri meir sole meg, smile eller ha annan mimikk, men det ligg liksom ikkje heilt for meg.

"Velvære" ligg ikkje heilt for meg det heller. Hårkur og ansiktsmaske er noko eg har på medan eg lagar mat eller ryddar, og eg droppar oftast kvile til fordel for aktivitet. Ikkje et eg spesielt sunt heller. Ikkje BERRE sunt, i alle fall. Dessutan drikk eg heller kaffi, te og det som verre er i staden for vatn.

No har eg uansett bestilt produkt som skal få meg til å sjå 27 - 85 % betre ut (dersom eg brukar dei, og ikkje berre set krukkene i skapet). Viss det ikkje nyttar, får eg satse på Botox-party neste gong.

PS: illustrasjonsbiletet er henta frå internett, ikkje frå badhylla mi. Eg har ikkje tørna heilt.

3 kommentarer:

  1. Nei, eg begynte å lure litt då eg såg den oppsamlinga ......Det plar no ikkje vere heilt billig heller på slike party? (Eller det heiter kanskje parties i fleital?)
    Eg har høyrt mykje bra om noko som heiter A-krem. Den har dei på apoteket no.Men eg er litt streng med meg sjølv:Inga ny krukke før den gamle er tom! Det er noko som heiter erfaring. Lykke til med skjønnhetskuren. Smør ikkje for tjukt på!

    SvarSlett
  2. Kanskje eg heller burde lære meg å smørje meg med tolmod?

    SvarSlett
  3. Det er ikkje hjelp i. Eg har prøvd!

    SvarSlett