torsdag 27. mars 2008

Besta har bursdag


I dag (torsdag) høyrde eg på radioen at det var 28 år sidan Alexander Kielland-plattforma velta. Den ulukka assosierer eg alltid med 40-årsdagen til mamma, for det vart det store samtaletemaet under feiringa. At "life begins at forty" er det vel ingen som eigentleg meiner, og heller ikkje at "når man blir 66, først da tar livet til." Sjølv om ein får auka fridom etter kvart som born veks til og flyttar ut, vil ei svekka helse kunne setje nye hindringar i vegen for ønske og draumar. Vi ønskjer Besta alt godt, og så får vi håpe på eit fint sommarhalvår der det blir mogleg å kome seg meir i rørsle.

2 kommentarer:

  1. Då eg fylte 40 hadde eg alle kollegaene og veninnene mine her kvelden før. Ein av ektemennene kom og henta kona si utpå kvelden og då fortalde han kva som hadde skjedd. Vi hadde sjølvsagt ikkje hatt på verken radio eller TV.Denne hendinga førte til at mange tek feil av datoen for fødselsdagen min.Men alderen kan eg aldri lyge på.

    SvarSlett
  2. Ulykka kom på snakk i dag. Eg veit godt kva årstal det var. Elles hugsar eg godt dei gode kakene og dei gamle damene som var gjester. Gjett om eg hugsa det på min eigen 40-årsdag! Då var damene på min alder.......

    SvarSlett