onsdag 26. mars 2008

Endeleg ein dag fri



Etter å ha vore ein dag på jobb, var det på tide med ein fridag att. Sola skein frå skyfri himmel, det var kaldt og snøen låg like fin og kvit som den har gjort sidan søndag. Dei to yngste og eg kosa oss i heimen fram til dei to eldste kom heim. Då åt vi middag, og så gjekk vi ut att. Mange vil nok tru at min entusiasme når det gjeld snø i slutten av mars er noko påklistra, kanskje til og med ironisk, men med born og hundar i heimen gir snøen høve til mykje uteaktivitet. Ein av utesyslane i dag var kapprenning i vegen ned til tunet, og ein annan var eting og knusing av istappar. Slikt har det blitt lite av tidlegare i vinter!

1 kommentar:

  1. Eg var ikkje så glad i snø før, men då vi fekk ein stor loden hund inn i familien for mange år sidan blei eg venn med snøen.Kvifor? Jau, snøen er REIN !Sjølv om vi ikkje lenger har hund, er eg framleis glad i snø som ligg i ro...gjerne ut mars.Men i april ønsker eg grøne marker!!!

    SvarSlett