søndag 16. mars 2008

Piker, vin og...mat?



Legg inneit par bilete frå vinklubben fredag som bevis: vi vart 11 til bords, og det nye temaet denne gongen var at eg hadde fått tak i nokre hefte frå Polet der ein skal fylle ut skjema for smak og lukt m.m. Viss glasa ser tomme ut, er det fordi vi heldt på å smake den første vinen då biletet vart tatt, og viss fata ser tomme ut, er det fordi maten alltid blir servert etter vinsmakinga. Då blir det ny smaksrunde, for all vin endrar karakter til mat. Kvitvinen passa best til maten etter mitt syn, og maten var god. Eg fekk heilt sansen for indisk, som eg ikkje trur eg har prøvd før. Men det var godt med ein litt frisk salat til (sukkererter, mango, kiwi, paprika m.m.) Og dei nanbrøda var berre kjempegode. Ho er ikkje så verst kokke ho der Santa Maria.

1 kommentar:

  1. Ei slik bok har eg også, men eg tvilar på at den blir særleg mykje brukt.Vin er ingen vitskap her i huset.

    SvarSlett