tirsdag 25. mars 2008

Dagen derpå


24. mars, tre månader etter julaftan, var det flott sparkføre her. Nummer tre, ein hund og eg tok oss ein koseleg tur på den gamle sparken til farfar og systera hans. Den er frå 1950-talet, og vi burde nok ha kjøpt oss ein ny, men dei er vanlegvis svært raske til å sande vegane. Det passa godt med julemiddagsrestar på ein slik dag.

5 kommentarer:

  1. Trur eg må kjøpe meg eit saueskinn. Spark har eg. I dag var det fine vintervegar då vi køyrde nedover for å handle. På heimvegen var det berre sørpe.Vår trass alt???

    SvarSlett
  2. Kaldt no på kvelden, i alle fall. Eg har vore ute med Bau og sett på stjerneskinet.

    SvarSlett
  3. Nils grov no fram båten i dag, det var fleire timars arbeid. No håper eg på sjøver og fersk fisk.
    Trur du ikkje han fann eit nett med fiskekaker i frysaren...eg er passe lei av den sorten. Får prøve ei anna oppskrift neste gong.

    SvarSlett
  4. Det var meir julever 1. påskedag enn det var julaftan. Ut att gjekk køen ned i 40-50 i snøkav.

    SvarSlett
  5. Der var no vel ikkje snøkave på havbotnen?

    SvarSlett