Endeleg, etter nokre bitre nummer 2-plasseringar, vart Bianca i dag norsk utstillingschampion på NKK-utstillinga i Bergen. Vi her heime ville gjerne ha opplevd å vere der, men det er litt for mykje styr og altfor mykje venting for dei aller minste. Då var det betre å leike i snøen og vente på den spennande telefonen frå Gubben og nummer 1. Gleda er stor!
Biletet er frå Nesbyen i august 2007, då Bianca vart best i rasen. For oss er ho verdas skjønnaste uansett!
Gratulerer!
SvarSlettGratulerer! Eg såg du hadde skreve kommentar på bloggen min. Eg valgte hund pga. eg såg det var to stemme på hund, men egentleg fleire på kanin, men eg hadde skreve nok om kanin synest eg.
SvarSlettI mine yngre dagar hadde eg mange ulike dyr. Hamster, kaninar, mus, rotte, akvarium og katt. Likevel var det hund eg ønskte meg aller mest. Å ha hund er mykje arbeid, og for oss er det ein livsstil. Eg har hovudansvaret for mosjon, og så tek Gubben seg av børstinga. Ungane må hjelpe til med begge delar.
SvarSlett