lørdag 8. mars 2008

Ros og roser til bukett med tre søte småbarn









Kyrkja i bygda har ikkje noko fast opplegg for borna, men innimellom arrangerer dei kyrkjeveker, kor o.l. i ein avgrensa og hektisk periode. I dag var det tredje korøving og konsert, og i morgon skal dei delta i gudstenesta. Opplegget har vore korsong for born i 7 - 12 årsalderen, og så skulle konfirmantane vere med på arrangementet med song, musikk og dans. Vi hadde tre born i målgruppa, og dei var flinke alle tre. Eldstejenta deltok som koreograf, nummer to song i kor og spelte trommer og nummer tre song i koret. Alle tre fekk kvar si rose som takk, så det vart nesten ein bukett då dei kom rett bort til mora med rosene. Lukka var fullkomen. Det vil seie; min beste bukett er dei fire rosenknoppane mine.

2 kommentarer:

  1. Ja, de har all grunn til å vere stolte og glade for firkløveret! Det er flotte ungar! Og det å kunne stå framfor ei forsamling er god lærdom å ha med seg vidare i livet.
    Ver raus med å rose når det er god grunn for det!!!

    SvarSlett
  2. Her er det større grupper dvs. ei årsgruppe annankvart år. Det er fordelar med små plassar. Fleire floger i ein smekk. God lærdom å opptre!

    SvarSlett