tirsdag 29. juli 2008

"Can You Keep a Secret?" (24)



Her går det i "chick lit" av Sophie Kinsella igjen. Oppskrifta er den same som i "Shopaholic" serien; vimsete og litt mislukka jente møter styrtrik og attraktiv mann som straks fell for hennar naturlege sjarme. Sukk.... Problemet med chick lit er at det er kvinner som les den. Fleire menn burde plukke opp ei slik bok - i denne er den mannlege helten ein skikkeleg helt som lyttar interessert til alt vrøvlet til hovudpersonen, og som hugsar alt ho har sagt om yndlingsdrikke, yndlingsmat etc slik at han stadig overrumplar henne med dei rette gåvene, måltida og kommentarane. Finst slike menn? Forstår menn at det er slike kavalerar vi ønskjer oss? Forstår vi kvinnelege lesarar at dette berre er eit lite hakk unna kiosklitteraturens romantiske forteljingar - som vi aldri kunne ha tenkt oss å lese? Mitt alibi er framleis at eg les mølet på engelsk...

3 kommentarer:

  1. Ein kan stille spørsmålet:Kven les slikt "møl"?
    Mitt spørsmål er:Kven skriv det?
    Misnøgde kvinner som vil at alle andre skal kjenne seg "forbigådde" f.eks.?
    Men når ein les det på engelsk...................

    SvarSlett
  2. NB: Gløymde å seie at slike menn finst ikkje! I alle fall varer dei ikkje lenge. Trur eg.

    SvarSlett
  3. Eg fortalde Gubben om boka, og tankane mine rundt den, men han høyrde berre delvis etter, er eg redd.

    SvarSlett