fredag 11. juli 2008

Svensk Syden


Det var Systa med familie som begynte å reise til Örebro i si tid, og det var vårt andre opphald der i år. Campingplassen Gustavsvik har fem stjerner, og i tillegg både innandørs og utandørs bademulegheiter. Systa og Svigerinna hennar med noko reduserte familiar leigde leilegheiter, medan Broren med familie og vi låg i campingvogn. Kjekt for søskenbarn og vaksne å møtast i og ved bassenget og til felles isservering og grilling om kveldane. Eg nyttar høvet til å helse til dei andre og takke for laget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar