søndag 13. juli 2008

We are the champions



I dag vart det ein hektisk, men god dag for eldstejenta og hundane. Bau tok cert og vart dermed norsk utstillingschampion! Bianca er ikkje heilt på topp for tida, men ho fekk CK. Begge vart nummer to i sitt kjønn. Vi er stolte av hundane, men enda meir stolte av vår 15 år gamle superhandlar som handla begge hundane med stil og eleganse. Utstillinga var på Gjermundnes vgs i Vikebukt, og Best in Show vart ein flott mops som eg straks la merke til. Sigeren vart feira med kaker, is og jordbær hos Besta og Besten på veg heim.

4 kommentarer:

  1. Fin og snill hund, og ei flott jente!Kjekt at heile familien kan ha denne hobbyen felles.

    SvarSlett
  2. Gratulerer!
    Flott med løn for strevet!

    SvarSlett
  3. Bau er utruleg flott no! Har ikkje sett verken han eller "tanta" live på veldig lenge, men dei er snille og koselige hundar begge to.

    SvarSlett
  4. Men de kan tru hundane kosa seg dagen derpå, med lang tur i skogsvegen der dei fekk rulle seg i graset og vasse i elva!

    SvarSlett