Vi feira og vi feira i Örebro, og Systa fekk presang kjøpt på Jula: ei juicepresse. No ser vi fram til å høyre rapportar om korleis (og OM) den fungerer! Systa er lærar i mat og helse, og ho sluttar aldri med å vere nysgjerrig på duppedittar og ingrediensar. Slik sett minner ho om mormora vår, som var kokk. Heile slekta er opptekne av matlaging og god mat, men Systa er hittil den einaste som har studert mat som fag. Det går heldigvis ut over resten av slekta innimellom.
Juicepressa pressar både gulrøter, eple og appelsinar. Den finraspar før den sentrifugerer.
SvarSlettI går kjøpte eg 5-6 kilo appelsinar på tilbod på Mega i Vik....
Det eg er spent på no, er korleis den verkar på hagebær. Her dett t.d. masse stikkelsbær ned kvart år. Jordbær, mango og banan er ikkje anbefalt, dei kan ein mose i vanleg hurtigmiksar.
Eg ser at mykje av det dei sel i butikkane som smoothie o.l., inneheld lite av det namnet skulle tilseie, og 70-80% eple eller druejuice.
Det er mykje å forske på når det gjeld blandingar, ja!