søndag 27. juli 2008

Dansk Syden


Så er vi heime att etter nok ein ferietur. Denne gongen var påskotet at eldstejenta skulle på Danacup, og så hekta vi på campingvogna og hadde ei herleg veke i Frederikshavn, etter først å ha besøkt Bror med familie på Kongsberg (for dei som les fleire bloggar i familien, vil det gå fram at Bror og familie er uvanleg gjestfrie!). Vermeldingane var sånn passe før vi reiste, så dei flotte dagane på stranda var rein bonus. Planen var at Gubben og Nummer 1 skulle tilbringe noko tid aleine i Hjørring medan vi hine kunne finne på ting på campingplassen (sidan vi då vart utan bil). På Nordstrand camping hadde vi gåavstand til stranda, leikeland, innandørs badebasseng og diverse fasilitetar som var på campingen (butikk, play station rom etc). Gubben og eg er einige om at Danmark er eit triveleg og laid-back land å feriere i. Danskane verkar opptekne av kos og comfort, og så er dei ikkje så overivrige etter å selje og drive business. "Sjov" og "Skæg" står i fokus, og dette passar godt for travle småbarnsfamiliar med eit skrikande behov for avkopling.

4 kommentarer:

  1. Velkomne heim att. Du hugsar vel at vi prøvde eit par ferieturar til Danmark i din barndom? Den gongen var vi uheldige med veret-heile tida. Det var heller ikkje så mykje å ta seg til der som det er no.Men noko var der! Danmark var vel det første landet i Norden som satsa stort på opplevingar.

    SvarSlett
  2. Eg hugsar Kronborg slott og Tivoli best frå barndomen.

    SvarSlett
  3. Ja, dei stadane var vi+ Legoland og Løveparken.Og i HC Andersens hjem i Odense og på Møns Klint.Men der var aldri badever mens vi var i Danmark!

    SvarSlett
  4. Eg hugsar alt! Trur vi hadde sol ein dag det blæs fryktelig.

    SvarSlett