mandag 1. desember 2008

Gamle heltar sviktar ikkje


Kvart år er det ein hard diskusjon i heimen om kven som skal opne først, "ant", "trei" og sist i adventskalenderen. Minstemann er den minst tolmodige, og Eldstejenta har ein teori om at den som opnar på julaftan får noko spesielt fint, så derfor var det greitt å ta det etter alder i stigande rekkefølgje i år. Pakkane inneheld både nyttige og morosame ting, men Minstemann vart ikkje særleg begeistra over å få sokkar i den første pakken. Då var det bra at han akkurat i dag hadde oppnått å få den fjerde Indiana Jones filmen (etter å ha vore i si eiga seng i ti heile netter). Som biletet tydeleg viser, var han både trøytt og sjuk i dag tidleg, og no i kveldinga ligg han rett ut med feber etter å ha sett Indiana Jones 4 tre gongar. "Jul i Blåfjell" kunne ikkje måle seg med den store helten, sjølv om han i denne filmen var blitt svært mykje eldre enn sist (ei påminning om at det har vi vel alle).

4 kommentarer:

  1. Stakkars minstemann han ser ikkje frisk ut, nei. Håper han kjem seg til han skal komme på besøk hit. Elles er det tradisjon i familien at ein eller fleire medlemmer litt rett ut i jula. I fjor var det morfaren. Eg ønsker meg ei jul der alle er friske.

    SvarSlett
  2. God betring!
    Her er det dårleg med adventskalender. Eg har pensjonert meg frå den oppgåva, og ingen har teke over.
    Så er det ein ting den yngste ikkje er bortskjemt med!

    SvarSlett
  3. Det er noko eg kallar "ranglefeber", og eg reknar med det er det han lid av. Eller så er det årets førejulssykje. Ungane her er ikkje så mykje sjuke, heldigvis.

    SvarSlett
  4. Veslejenta her har sett Jul i Blåfjell på DVD fleire gonger i løpet av året og er vel litt lei, men eg ser at vesleguten blir fenga av filmen. I fjor kjøpte eg Jul i Skomakergata, den likar dei faktisk óg. Har høyrt at den skal filmast på nytt.
    Eidabesta

    SvarSlett