Botn:
2 pk oreokjeks (knust)
100 gram margarin (smelta)
Knus kjeksa i food processor, bland med smelta margarin og legg i ei form.
Fyll:
2,5 dl fløyte
400 gram philadelphiaost
1,5 dl sukker
2 ts vaniljeessens
Bland ingrediensane med ein handmiksar til ein klumpfri masse
0,5 dl fløyte (resten av pakken) kokast opp
2 plater gelatin leggast i bløyt og løysast deretter opp i den varme fløyten
200 g kvit sjokolade brekkast i bitar og løysast opp i fløyten
Rør godt saman og bland sjokolademiksen i ostekremen
Brekk opp ein pakke oreokjeks i bitar og bland i kremen, tøm massen over kjeksbotnen og set kaldt over natta.
Eg skal ta med denne i oppskriftsamlinga mi og. Så spørs det om det blir som med ostekake. Eg har aldri laga det ...
SvarSlettBehovet har aldri vore der når du alltid kjem med det ...
Eg lagar aldri karamellpudding heller. Elles brukte eg 25 minutt på oreokaka, og rekorden på ostekaka er på 13 minutt. Raske og enkle kaker når ein har øvd seg litt, og enkelt å handle inn til.
SvarSlettOreokake er godt, men litt for søtt for meg.Ostekake er det aller beste.Eg er så heldig at der er andre i familien som er flinkare å bake enn eg. Eg har ei forkjærligheit for gammaldagse kremkaker med frisk frukt/ bær etc.Ikkje for søtt! men karamellpudding er sjølvsagt godt, då....Ja, det er ikkje eg som skal feitast opp(meir).
SvarSlett