lørdag 6. februar 2010

Skogsvegen laurdag

Medan Gubben tok med ein ungeflokk til Reset, tok eg med meg hundane i skogsvegen. I byrjinga kunne eg gå på nokre gamle skispor som hadde frose akkurat nok til at eg ikkje gjekk gjennom, men etter kvart vart eg for tung, og det vart eit slit å vade i snø i oppoverbakke.

Hundane er glade i snø, og rullar seg, grev og herjar med kvarandre medan det driv rundt dei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar