onsdag 17. februar 2010

Med snøracer som "Batmobil"

Minstemann er no blitt til Batman. Berre for å stadfeste det, for dei som undrar seg over overskrifta på dette innlegget. I dag tok han og eg med oss Bau innover til Lisjebotnen. Bau drog snøraceren etter seg, og Minstemann sat på eller gjekk av og på i fart, på ekte superheltvis. Etterpå tok vi med oss Bianca den andre vegen, innover Geislida. I alt over 10000 skritt på Gamla, som skal tilbringe kvelden som publikummar på musikal. Denne gongen må Minstemann halde seg heime, så vi har sagt at vi skal på ballettshow...

2 kommentarer:

  1. Som eg har sagt før:Slike vintrar vil vi ha fleire av! Så sant eg slepp å moke snø. Kom meg ut ein liten tur med spark, men det var etter at sola hadde gått ned!Eit fantastisk før var det i alle fall.Minstemann hadde vel ikkje hatt så stort utbytte av musikalen heller, så han har det sikkert betre heime.

    SvarSlett
  2. Ein nydeleg dag i dag. Minstemann er flink å leike seg!

    SvarSlett