Siste dagen i februar, og siste feriedagen i tidenes flottaste vinterferie, brukte dei tre yngste og eg til skitur på Stigedalen. Sola skein frå blå himmel, og det var akkurat passeleg kaldt, eigentleg. Vi gjekk rundt i skiløypene nærast Tua, slik at alle borna fekk stetta sine behov for fysiske utskeiingar, og mot slutten leika ungane OL i skikyting medan Gamla fekk gå litt ekstra i løypene.
No mot kveld vert det hardt arbeid med planlegging av komande veke på skulen, og eg ser allereie fram til komande frionsdagar, komande helgar og komande feriar...
Du har vore flink og retta tidlegare i veka - ikkje eg ...
SvarSlettDet ein ikkje kan gjere er alltid forlokkande. I dag fekk eg til og med lyst til å gå på ski!
SvarSlettEin slik vinter som dette har vi vel aldri før opplevd?
Fint i Stigedalen. Stein Inge, Margunn og Kristine likar seg også godt der oppe, ikkje så mykje folk som på Harpen. Kanskje ein kunne hatt eit treff?
SvarSlett