onsdag 3. februar 2010

Bok 4 2010: "Saabyes sirkus" av Lars Saabye Christensen

Er dette ein sjølvbiografi, eller er det ein roman?

Illusjonen av biografi vert skapt i og med at hovudpersonen er ein forfattar som skal lese på ein scene i Paris, og som minner mykje om forfattaren Saabye Christensen. I tilbakeblikka møter vi ein gut som kunne gått rett inn som ein person i "Beatles", og bipersonar som kan minne oss om bøkene "Hermann" og "Halvbroren", mellom anna. Det heile er sydd saman til eit slags litterært program, der ein el-gitar, blomar og eit trapesnummer vert nytta som metaforar både på livet og forfattarskapen.

Lydbokopplevinga vart litt forstyrra i byrjinga, for forfattaren las med ein talefeil eg aldri har visst han hadde. Same talefeil vart omtala på CD 2, og vi har hatt ein viss diskusjon i slekta om kor vidt denne talefeilen er ekte, eller om han har lagt seg til ein talefeil i høve innlesinga.

Uansett sjanger og eventuelle talefeil er denne boka vel verd å lese, og Saabye Christensen-fans vil meine den føyar seg godt inn i forfattarskapen.

1 kommentar:

  1. Ja, eg er i alle fall fan, så denne må eg få med meg, talefeil eller ikkje. Elles er det visst ein trend å skrive nesten-sanne bøker, og så sit ein der og lurer på kva som er fleip eller fakta.

    SvarSlett