torsdag 10. juni 2010

Katta ut av sekken

Så er det offisielt: eg fekk opp ein liten flokk elevar i internasjonal engelsk som skal bruke helga til lesing og anna førebuing. Sjølv skal eg òg lese og førebu meg i helga, men først skal eg ein bytur for å sensurere nokon andre sine håpefulle. Det går i eitt denne tida, og skriftlegsensuren får ligge på vent til måndag kveld. Eg har berre 50 att, så eg er ved godt mot. Ser uendeleg fram til å få ferie, og skal feire jonsok så det held i år!

Lukke til, alle eksaminandar, eksaminatorar og sensorar der ute!

2 kommentarer:

  1. Du må ha lykke til du også. Og så får du seie ifrå når de får tid til ei lita fellesfeiring enten her eller ein annan stad.Eg forstår det slik at de ikkje reiser til Hareid på laurdag?

    SvarSlett
  2. Nei, denne helga blir det eksamensførebuing. Berre Minstemann og eg som blir heime, og kanskje Eldstejenta.

    SvarSlett