Då ein av festdeltakarane er allergisk mot egg, syntest eg det var greitt å kontakte mora hans for å få nokre tips/oppskrifter. Ho sende meg oppskrifter på ei saftig og god sjokoladekake, og på muffins. Eg tredobla muffinsoppskrifta og fekk 40 velsmakande kaker - dei var i alle fall gode når dei var nysteikte.
Surmjølkskake (til stor langpanne)
1 l kulturmelk
3 ts natron
ca 10 dl kveitemjøl
8 dl sukker (vi brukar 7)
2 ss kakao
2 ts kanel
Set steikeovnen på ca 170 grader.
Rør natronen ut i ca. halve melka, og la virke ei lita stund. Fortsett med sukker, og sikt i kveitemjølet i lag med kakao og kanel. Tilsett resten av melka langs med. Rør for hand.
Hell røra i langpanne, og steik på nederste rille i ca 45 minutt.
Glasur:
3 3/4 dl melis
6-8 ss smelta smør
5-6 ss sterk kald kaffi
2,5 ts vaniljesukker
1,5-2 ss kakao
rør i hop (med gaffel?) til en jevn glasur og smør på avkjølt kake. Pynt med kakestrø, seigmenn, non-stop e.l.
Muffins
160 g hvetemel
1,5 ts bakepulver
130 g sukker
1 ,5 dl melk
60 g smelta smør.
Til barneselskap gongar vi oppskrifta med 4 (elles vert det veldig lite)
Vi deler gjerne røra i 2, og har litt vaniljesukker i eine delen og kakaopulver (eller hakka sjokolade) i andre delen.
Steik på ca 250 grader (eller mindre) i 12-15 minutt.
Lurt å spørre foreldra, då får dei noko dei er vane med og likar.
SvarSlettLangpannekaka liknar på mi, men eg har 5 dl sukker og 3 dl flytande margarin i.
Elles forstår eg ikkje kvifor natronen skal begynne å virke? Skal ikkje den heve kaka?
Nei, det forstår ikkje eg heller. Kaka var saftig og god, men ein kunne sikkert godt redusere sukkermengda.
SvarSlettDen langpannekaka har eg sett oppskrift på før. Er det den dei kallar Bedehuskake? SÅG ikkje dokke kor natronen virka, då????
SvarSlettJau, men skal han ikkje virke i omnen og ikkje bli oppbrukt på førehand. Det var ein mann som ville ha forklaring av meg på dette med natron i svelerøra.
SvarSlett(naturfaglærar sjølvsagt)
Det med natron i surmelk er litt artig å vise elevane, for så vidt eg har forstått, virkar ikkje natronen utan surmelk.Men eg forstår heller ikkje dette med å ha den i melka først, det må kanskje vere for å sette prosessen i gang?
SvarSlett